Så er vi komne til juni, ein fæl lyd kom frå motoren.

 Her kjem fyrst ein detaljert besrkrivelse av uttak av motoren.

Lista fann eg på Pelican Parts på nettet. Den er på 51 punkt, men fleire av dei fell ifrå, sidan det er ekstrautstyr.

batteri1

Først, før lista: Batteriet vert kobla frå. Plusspolen er her komen av.

Panser av

1. Motor-romlokket vert teke av, to skruar 10 mm pipe.

Batteriut

2. og 3.  Batteriet er ute, etter at minuspolen er kobla av.  Plussledninga til startaren og dobbelreleet må også av.

Bersinrør

4 og 5. Bensinslangane er kobla frå. Punkt 4 var å tømme tanken, eg sette heller eit kar under slangane og plugga røra..

Luftfilter

6. Luftfilter boksa er her på veg ut av makinrommet. Stjerneskrujern trengst for å løyse slangeklemme mot plastrøret.

Slanger cannister

7. Slangane på kolfilteret er fråkobla.

Relebox

8. Kabelen for FI er her til høgre. Eit flatt skrujern for å løfte den av.

9. Generatorkabelen midt på øverst. 10 handler om oljetrykkmåler. Det er ekstrautstyr.

Varmluftslange

11. Koble frå slangane på varmkuftvifta. Eit flatt skrujern til slangeklemma.

ECU

12. Løys innsprøytingsmodulen fra batterikonsollet. 2 bolta løyste med 10 mm pipe, her ligg elektronikkboksa oppå motoren. Den bør ikkje koblast frå kabelen.

13. Løys trykksensoren og luftregulatorventilen.

Rele og formotstander

14. Løys relepakken og kondensatorpakken ved å trekke av pluggane.

Dobbelrele

Eit nærbilde av korleis konnektorane står på dobbelreleet.

Hjulløysing

16. Så løyser eg hjulboltane. 19 mm pipe.

CVkobling

17 og 19. Sidan bilen alt står på bukkar, starter eg med frigjeringa under drivakslane. Torx 8mm spesial.

 

18. Jekk opp bilen og lås av framhjula.

20. Speedometerkabelen er kobla av. 28 mm fastnøkkel.

Klutsj

21. Kløtsjkabelen vert så teken av. Ei holdetang er grei her.

kluts2

 Dette hjulet på kløtsjen må også av for å få wiren fri. Ein 17 mm fastnøkkel går på denne mutteren.

 

Girbak

22. Dette er bakre giroverføringsfestet. Det er godt innsett med gris.

 Gearkoblingframme

Det framre girstangfestet er også avkome. Stonga går ut framover. Begge endane er festa med ein spiss umbrakoskru. 4 mm umbrako.

23. Jordingskabelen på girkassa må også av.  13 mm fastnøkkel.

Ryggelys

Koblinga til ryggelys og startaren er ikkje nødvendig å koble frå, men det letter arbeidet med drivakslane når motoren skal bakover.

 24. Varmstartrele er ikkje installert på denne bile, heller ikkje 25. Ekstern oljekjøler.

PFlapbox

26.Varmluftslangen og wiren på venstre flapboks skal av.

FlapboxH

27. Likeeins på høgre sida.  28. er å koble frå oljetemperatursenderen. Den er ikkje montert på denne bilen. 

gasswirehol

29. Her er også gasswiren kobla frå og tredd gjennom til undersida.

30. Oljen vert ikkje tappa ut, den er nettopp skifta. 

Vogn på plass

31. Her er 3 autodollier komne under bilen/motoren.

 

heving

32. Bakhjula er avkomne.

Framkloss

33. Jekker kjem på plass under jekkepunkta.

Bakkloss

34. Her er bilen senka til den er ca 12 mm over klossane på autodolliane.

35. Sjekk klaring mellom bremsedeksler og golv. ( Slik at deksla ikkje vert skada)

36. Støtt bilen opp med bukker eller klosser.

37. Skru av boltane på motorberaren framme. 17 mm skralle under og 17 mm fastenøkkel over på låsemutteren.

38. Koble så frå festa på girkassa, heilt bak. 10 mm skralle.

39. Hev så bilen 2 - 3 cm.

40. Sjekk klaring og evt. gløymde kablar og slangar.

41.  Hev så bilen enno 2 - 3 cm.

42.Skille motorromblikk frå pakninga rundt.

43. Sjekk klaringa rundt injektorane.

44. Hev bilen 30 cm.

45. Sjekk at drivakslane ikkje heng i girkassa og startaren. Sjå bildet under.

Motornedpå 

46. Hev bilen så høgt oppe at motoren kan trekkast ut under bakskjermen. Skjørtet bak er teke av.

47. Trekk motoren 30 cm bakover.

Hol

48.  Her er patentet for å manøvrere drivakslane over motoren,

.Motoren fri 

49. Motoren er uttrekt.

 

Nedpåigjen

50. Her erbakhjula er påkomne og

51. Bilen er nedsenka på hjul igjen.

Og det var dett.

 

Så var det å finne ut kva som laga spetakkelet.

Motor

Her er motoren klar for inspeksjon.

Vifte

I vifta fann eg to deler som hadde vore senterkopp i vifta. Den eine låg laus nedi, framom vifta, den minste delen hadde kilt sg fast mellon to vifteblad.

kopp

Den manglande biten finn eg ikkje igje, kanskje ligg den på veien?

uVifte

Vifta vert teken av og det vert leita inni viftehiset, men den er borte vekk.

 

Så ein inspeksjon av pluggane, som alle ser fine ut:

Plugg1

Plugg nummer 1 ser fin ut. (Sylinder 1)

Plugg2

Plugg nummer 2 ser fin ut. (Sylinder 2)

Plugg3

Plugg nummer 3 ser fin ut. (Sylinder 3)

Plugg4

Plugg nummer 4 ser fin ut. (Sylinder 4)

Motoren kjem inn igjen helga rundt den 13. juni.

Undervegs testa eg termostatbelgen, den er defekt. Ny bestilling frå Autoatlanta. Den er like grei å montere etter at motoren er innkomen igjen.

Nye tennkabler frå Hot Shop er komne i posten og vert montert.

 

Undervegs oppdager eg at ein av kablane på formotstandane på injektorane er av. Den vert lodda, men går av igjen, og bilen stoppar.

Ein ny er under bestilling frå Autoatlanta.

Tilbake